På denne sida kan du som politikar og veljar i Fjaler legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Fjaler på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.

Landbruket og Fjaler Sp ?

Har Fjaler Sp ein landbrukspolitikk ?

Fjaler Sp laurdag 10.9.

Laurdag 10.9. kan du treffe Fjaler Sp sine listekandidatar ute på stands rundt om i kommunen. Du er velkommen til å ta kontakt for ein god politisk prat.

FYLKESVEG 57 BLIR IKKJE GLØYMD

SP sin fylkesordførarkandidat Jenny Følling kan ta det heilt med ro. Fylkesveg 57 kjem ikkje til å bli gløymd. Dette er som Følling rett påpeikar ein utruleg viktig sambindingsveg mellom Førde og Dalsfjordregionen. Trafikken er stor i dag og vil auke monaleg etter at Dalsfjordsambandet er opna i 2013.

Sogn og Fjordane AP har bidrege til at fv. 57 har fått høg prioritert hjå fylkeskommunen.

FJALER PÅ OFFENSIVEN

Vi går inn i meir spennande tider i Fjaler enn kanskje nokon gong før. Arbeidet med Dalsfjordsambandet er i full gong, utviklinga på Lutelandet er særs spennande og viktige bedrifter som Elis og Haugland Rehabiliteringssenter er i positiv utvikling.

Bulyst-midlane frå regjeringa gjer oss i stand til å satse enno meir på utvikling av kunst- og kulturbaserte næringar, som er eit område der vi har eit stort potensiale.

Fjaler SV har stand laurdag 10.09.2011.

Du møter oss frå kl.10.30 – 13.30 på desse stadane:
Dale, Flekke, Hellevik og Grytøyra.

Dale vidaregåande skule si rolle i HAFS.

Det pågåande arbeidet med den nye strategiplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane er eit viktig arbeid som vi alle bør ha i tankane våre i desse dagar.

Valkampen er inne i sluttspurten og som 2. kandidat på SV-lista i Fjaler synest eg at ei av dei viktigaste sakene å jobbe med framover er å få behalde og vidareutvikle Dale vidaregåande skule.

FJALER AP HAR STAND PÅ GRYTØYRA OG HELLEVIK

Onsdag 7. september kan du møte AP sin ordførarkandidat Arve Helle på stand i ytre Fjaler. Han er på butikken på Grytøyra mellom kl. 15 og 16.30, og på butikken på Hellevika frå kl. 17 til 18.

Ta turen innom for ein prat!

Møt Heiki Holmås i Dale torsdag 08.09.11.

Møt Heiki Holmås i Dale torsdag 08.09.11.

Heiki Holmås kjem til Fjaler og Dale torsdag 8. september kl. 19.00 – 19.45. Møtestaden er Dale vidaregåande skule. Alle er velkomne!

MØT FJALER AP PÅ STAND

Laurdag kan du treffe oss på stand følgjande stadar:

Dale: kl. 10-14

Kulturskule for alle - har vi råd å la vere ?

Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane.

Korleis står det til i din kommune? Mange kommunar i Sogn og Fjordane har eit oppegåande kulturskuletilbod, medan andre har eit minimumstilbod. Nokre få har faktisk ikkje noko som helst. Får alle som ynskjer det eit tilbod der du bur?

VI TRENG LENSMANNSKONTOR I DISTRIKTA

I Firda 30.08 kan vi lese om at Fjaler-lensmann Åge Løseth skal bli lensmann i Sogndal, og at lensmannskontoret vårt si framtid er mildt sagt usikker. Når ein veit politimeisteren si haldning til dei små lensmannskontora så er det all grunn til å bli bekymra.

Fjaler Arbeidarparti ser det som svært viktig at vi beheld eit desentralisert struktur innanfor lensmannsetaten, og vi vil følgje opp denne saka framover.

Ein ny bustad- og arbeidsmarknad i Hafs-regionen

Fjaler Senterparti er positive til industrietablering på Lutelandet i Fjaler, både når det gjeld vindkraftanlegg og Lutelandet Offshore sine planar om riving av oljeinstallasjonar, vedlikehald og arbeid med offshore vindkraft.

Denne etableringa vil gje eit positivt løft for eit heller næringsfatting område i Hafs, og vi vil få ein ny bustad- og arbeidsmarknad. Denne etableringa vil i startfasen få fleire hundre arbeidsplassar, og kan i løpet av nokre få år utløyse mange tusen arbeidsplassar . I tillegg kjem støttefunksjonar og lokal etablering i kjølvatnet av desse aktivitetane.

Møt Fjaler Høgre på stand!

Laurdag 27.august arrangerer Fjaler Høgre stand i Dale og i Korssund, ved Dale Senter og Korssund Handel.

Laurdag 3.september kan du møte vår mann på Stortinget, Bjørn Lødemel, på vår stand i Dale frå 10-12.30. Vi har også stand på Hellevik, Flekke og Grytøyra denne dagen.

FOLKEMØTE I DALE OG PÅ VÅGE

I samband med kommunevalet arrangerer dei politiske partia folkemøte i Våge grendehus måndag 5. september kl. 20.00 og Fjalerhuset torsdag 8. september kl. 20.00..

Nytt sjansen til å høyre toppkandidatane til dei ulike partia i kommunen.

FJALER AP INVITERER TIL VALKAFÈ

Fjaler AP inviterer til valkafè på Yndestad gard tysdag 30.august kl. 20.00.

Her kan du møte vår ordførarkandidat Arve Helle i tillegg til fleire av våre andre listekandidatar.

Fylkesbåtane (Fjord1)

Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen!

Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane.

Ta grep om valkampen i Firda

I år er det igjen duka for kommune- og fylkestingsval, og Firda ønskjer deg velkommen til vår valsatsing på nett og papir.

Les meir

TILBAKE TIL HOVUDSIDA:

Val 2011 Fjaler

Følges av 34 medlemmer.

Val 2011 Fjaler er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Fjaler. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen

Origo Val 2011 Fjaler er en sone på Origo. Les mer
Meiningsmåling

Kva parti ville du stemt
viss det var val i dag?

Annonse